Eit landsledande firma med hovedkontor i Haugesund
– artikkel skrevet av Sigmund Hansen for Haugesunds Avis
Det var ein gong ein mekanikar/tungtransportsjåfør frå Sandeid / Skjold og ein sjåfør/trafikkleiar frå Ølen som begge jobba i dåverande Haugaland Billag i Haugesund. I 2005 kjøpte Tide (tidlegare HSD) opp det lokale billaget og ville kvitta seg med alt, unntatt bussrutene.
Svein Ove Vetrhus og Torleif Vestre ba om å få
overta transportskulen Haugaland Billag hadde dreve for utdanning av eigne
sjåførar, og som Tide ikkje ville ha.
– Me fekk med oss Georg Bakke og Jarl Kvam på laget og kjøpte Haugaland Transportskule av Tide i 2006 for 660 000 kroner. Dei var greie med oss, smiler Svein Ove Vetrhus. Sjøl drog han og fekk seg trafikklærarutdanning, som var ein føresetnad for å kunna driva selskapet.
I dag er han, gjennom ei rad heil- og deleigde selskap 26 stader i Norge, hovedeigar av landets største kompetanseleverandør til transport- , entreprenør- og logistikkbransjen. Totalt 200 tilsette på heil- og deltid, tilsaman 130 årsverk – 30 av dei på hovedkontoret i Kvitsøygata 1 i Haugesund. Forventa omsetning i år: Ca 200 Mill. kroner. På opplæring i tungtrafikk er dei størst i landet.
Volvo, Forsvaret og 800 transportfirma
– Det begynte med eit
samarbeid med den lokale forhandlaren av Volvo lastebilar i Haugesund. Leiaren
der, Kristen Oftedal, ville ha Torleif og meg til å halda kurs for alle
som kjøpte Volvo lastebilar. Slik blei me kjende med dåverande salsdirektør og
seinare adm.dir. i Volvo Norge, Erik Engelien, minnest Svein Ove Vetrhus. Dei
starta selskapet Transportkompetanse Haugesund A/S i 2007. Torleif Vestre,
Bjørn Johan Haugen, Jarl Kvam og Vetrhus.
– Så kom det førespurnad frå Volvo Norge om me
kunne tenkja oss å køyra desse kursa over heile Norge. Me var i Gøteborg og teikna
konsernavtale om opplæring av alle Volvosjåførar. Då var me to tilsette i
selskapet vårt: Vestre og meg. Så kom også Bjørn Arne Steinsland frå
Skjoldastraumen til.
Karane reiste land og strand og fleire hjul byrja å rulla: Selskapet deira blei i tillegg hovedsamarbeidspartnar med bl.a NLF (Norges lastebileierforbund), MEF (Maskin Entreprenørenes Forbund) og If forsikring. I dag er største kunden det norske forsvaret – der dei underviser i bruken av tunge kjøretøy.
Status er at TK Gruppens ulike selskap driv vidareutdanning og oppfølging av over 28 000 lastebil- og bussjåførar. TK trafikkskole er Norges største på tyngre kjøretøy. Dei har 50 tunge opplæringskjøretøy som rullar rundt frå Trondheim i nord til Kristiansand i sør – på heile 26 stader i landet vårt.
Reiser du til Stavanger og ser store opplæringskjøretøy med skiltet Forus storbilskole, så er det eit selskap som er eigd av TK Gruppen gjennom Transportkompetanse Haugesund A/S.
– nett som Tungbilskolen i Drammen eller Åsane trafikkskole i Bergen…..
Digitale løysingar
– Ein lastebil i dag er ei datamaskin, spissformulerer Svein Ove Vetrhus. Difor har han, saman med nokon av dei skarpaste hjernene som er uteksamenert frå NTNU i Trondheim på kunstig intelligens, danna selskapet Digit Nord A/S.
– Dei er ferske og nyutdanna innan programmering og kunstig intelligens. Og dei har fokus på vårt felt: Logistikk. Dei sit på vårt kontor i Lillestrøm og jobbar med nye it-løysingar, skreddarsydde dashbordløysingar som skal gi transportøren betre og meir effektiv drift.
– Me må heile tida få inn ungdom som tenkjer nytt. Sistegenerasjons-kompetanse. Difor byggjer me Digit Nord. Seier Svein Ove som sjøl er 45 år. I transport- og logistikkbransjen er det små marginar. Difor må ein aldri bli «mett» og tru at ein har funne løysingar som gjeld for alltid.
– Her nyttar det ikkje berre «å vera grunder og glad». Me må vera gode på å få tak i dei beste – rett og slett god på det som kallast humankapital. Eg er utruleg spent på kva Digit Nord kan driva det til.

Gjer det han taklar best
Svein Ove Vetrhus er ikkje toppleiaren i TK Gruppen, som han eig 52,5 prosent av. Han er «forretnings- og markedsutviklar» og mellom anna styreleiar i eigedomsselskapet, HauTra. Dei kjøpte Gullhaugens trykkeri i Kvitsøygata og bygde det ut for 80 millionar kroner i 2016. Der har dei også tatt inn leigetakarar, har kantine som Level driv og huser 30 eigne tilsette på hovedkontoret.
Så godt som heile toppleiinga i gruppen er frå Vindafjord. Adm.dir. er sambygdingen Olav Anders Stople frå Sandeid. Han har fleire års erfaring frå «oljå» og serleg Aker Solutions. Styreleiaren er ekstern, men også han vindafjording, Svein Harald Hundhammer frå Ølen. Til dagleg leiar av saft- og syltetøyfabrikken Danica på Kvala. Dagleg leiar for selskapet Transportkompetanse Haugesund A/S er sandeidsbu: Yngve Furseth og dagleg leiar for TK Trafikkskole er Vetrhus sin gamle kollega frå Haugaland Billag, Torleif Vestre.
Heller ikkje den gamle toppsjefen i Volvo Norge, Erik Engelien, er gløymt – sjøl om han forlengst har etablert seg heime i Innlandet med eige konsulentfirma. Saman med Hagland Finans i Haugesund (35 prosent), Engelien Consulting (15 prosent) og TK Gruppen (50 prosent) driv dei TK lederskole. Dette selskapet samarbeider med NLF (lastebileierforbundet) om leiarutdanning i selskap innan transport og logistikknæringa.
Ei personleg forteljing
Svein Ove Vetrhus er
historia om ein mekanikar og sjåfør som greip sjansen då Haugaland Billag blei
seld og Tide skulle avvikla store deler av verksemda i Haugesund. Sjøl fortel
han at han var ein vilter krabat då han vaks opp i Sandeid. Som sjuåring miste
han far sin i ei dødsulukke på Sandeid Cement. Foreldra hans og foreldra til
dagens adm.dir i TK Gruppen, Olav Anders Stople, var bekjente.
Ulukka gjorde eit sterkt inntrykk i bygda.
– Olav Anders er ein del år eldre enn meg. Men
han var snill med meg og tok meg med – på fisketurar, fjellturar, ja til og med
på turar til kjærasten. Han passa godt på meg når mor mi trengte avløysing.
Seinare visste eg kva han hadde dreve med
i oljebransjen i Stavanger. Så han var ein eg kunne tenkja meg med på
«ferda» som administrerande direktør då me 1. september 2018 sparka
liv i konsernet TK Gruppen A/S. Eg kjende at min rette plass er å jobba med
forretningsutvikling og eigedom og var glad då Olav Anders takka ja.

Svein Ove Vetrhus smiler mykje. Ein relasjonsbyggar av rang. Han virkar som han trivest på jobb der han rutinert drar igjennom Transportkompetansens 14 år lange historie. Som hovedeigar og markedsutviklar har han på mange måtar ein fri rolle i den daglege drifta. Men også eit press om å prestera, for TK Gruppen er ikkje åleine på nokon marknad. Godt då at både den eldre granneguten som tok han med som liten, kollegaen på verkstedet til Haugaland Billag og fleire andre kjende er med på den vidare ferda til TK Gruppen A/S.